Den norske regjeringa gjennomførte eit stille statskupp for å få Norge inn i EØS! Dette statskuppet likviderer den sosiale kontrakten som den norske velferdsstaten har bygd på og opnar for at paragraf 1 i grunnlova blir sett ut av spel!
For å vurdere desse påstandane er det nødvendig å få klargjort noen avgjørande spørsmål. For det første: er det slik at EØS-avtalen fører til at Norge sluttar å vere ein sjølvstendig stat? For det andre: har det sittande stortinget legitimitet til å vedta EØS-avtalen? Og for det tredje: er det slik at avtalen opphevar «den norske sosiale samfunnsmodellen»?
Eg vil no drøfte desse spørsmåla.
EØS-avtalen gjeld dei sentrale delane av den norske økonomien, dvs. det materielle grunnlaget for å halde oppe ein norsk stat.
EØS-avtalen vil medføre at norske styresmakter, innan området for avtalen, med eit slag må tilpasse alle gamle norske lover og reglar til EF-retten som er bygd på kapitalen sine fire fridommar. Dei norske styresmaktene seier samstundes frå seg retten til å foreslå nye lover og reglar for å verne om ei særnorsk utvikling som hindrar kapitalen sine fire fridommar. Vi gir i praksis denne retten til EF-Kommisjonen og EF-domstolen.
Avtalen fører altså til at Stortinget ikkje lenger har mandat til å vedta lover for desse områda i den grad lovene ikkje samsvarer med EF-retten. Bare EF-organa har mandat til å utvikle EØS sitt rettsgrunnlag utan handsaming i EØS-organa. Dermed er marknaden overordna vedtak i Stortinget.
Dessutan blir norske domstolar sett ut av spel på desse områda fordi EF-domstolen erstattar norsk Høyesterett som høgaste rettsinstans.
Til tross for at det blir bygd opp organ for EØS, som EØS-rådet og EØS-komiteen, med visse rettar, er vi her ved dei harde realitetane i denne saka.
Dette tyder at heile den norske sosiale kontrakten mellom arbeid og kapital som blei bygd opp på konsesjonslovene frå tida etter 1905, på lover om regulering av fiske og jordbruk og på Fellesprogrammet etter 2.verdskrigen, dvs. den sosiale grunnlova som i eit visst monn har sikra ei særnorsk nasjonal, regional og sosial utvikling, er sett ut av spel etterat Stortinget har røysta ja til EØS.
Kjerna i Fellesprogrammet var nemlig at norske styresmakter, på grunnlag av den råderetten konsesjonslovene gav over dei nasjonale ressursane, skulle utvikle ein nasjonal næringspolitikk som i eit visst monn sikra folk i Norge fruktene av ressursane i landet. Dette prinsippet blei til dømes også nedfelt i dei lovene som regulerer kraft- og olje/gassutvinninga i Norge og som blir sett ut av spel med EØS-avtalen.
Dei viktigaste måla i Fellesprogrammet var arbeid til alle, ei lønn å leve av, rimelig bustad til dei mange, sikring for dei som av ymse grunnar var stengd ute frå arbeidslivet, oppretthalding av bra levekår for bønder, fiskarar og andre i distrikta og ein offentlig allmennskule og demokratisk utdanningsrett for alle. Ut frå desse måla blei heile den norske «velferdsstaten» bygd opp på ei rekke viktige lover der den viktigaste var Lov om Folketrygd frå 1967.
Sterke krefter har søkt å få fjerna dei forskjellig delane i denne avtalen. Opp gjennom 1980-talet fekk vi store angrep på søylene i programmet. Men enno var det ein god del igjen av dei. Dei siste åra, etter innmeldinga i EØS har også desse delane blitt svekka. Siste angrepet kom i form av Rattsøutvalet si innstilling.
Etterat Stortinget vedtok EØS-avtalen er det i røynda igang ei fjerning av alle dei rettane som det arbeidande folket i Norge har hatt andsynes kapitalen innan det området som avtalen gjeld. Dei blir erstatta med kapitalen sin einsidige sett til å utvikle dei fire fridomane sine. I praksis vil det tyde at dei største kapitalane i Norge og EU og dei største statane i EU, vil omdanne det norske samfunnet etter sine behov for maksimal profitt for å styrke seg i konkurransen med storfinansen i USA og Japan.
Dette tyder sjølvsagt at arbeidsfolk sine organisasjonar misser den institusjonaliserte innflytinga dei har i Norge idag og det tyder avvikling av resten av «velferdsstaten».
Dei viktigaste artiklane i EØS-avtalen
Dei viktigaste artiklane i EØS-avtalen som omhandlar dette er artiklane 1, 3, 6, 7, 102, 109 og 111. La oss sjå litt på dei.
Artikkel 1 fortel at formålet med avtalen «er å fremje ei vedvarande og balansert styrking av handel og økonomisk samkvem mellom avtalepartnarane, med like konkurransevilkår og etterleving av dei same reglane, med sikte på å skipe eit einsarta økonomisk samarbeidsområde, heretter kalla EØS».
For å nå desse måla «skal samarbeidet i samsvar med føresegnene i avtalen gjelde: a) fritt varebyte, b) fri flyt av personar, c) fri flyt av tenester, d) fri flyt av kapital, e) skiping av eit system som sikrar et konkurransen ikkje blir vridd, og at reglane blir etterlevde på same måten, og f) nærare samarbeid på andre område, til dømes forsking og utvikling, miljø, utdanning og sosialpolitikk.»
Artikkel 3 slår fast at avtalepartane «skal setje i verk alle høvelege tiltak, generelle og særlege som følgjer av denne avtalen. Dei skal halde seg borte frå alle tiltak som kan setje verkeliggjeringa av måla for denne avtalen i fare. Dei skal vidare lette samarbeidet innanfor ramma av denne avtalen.»
Det eg vil framheve i artikkel 1 er meininga «etterleving av dei same reglane». Spørsmålet reiser seg då. Kva slags reglar er dette? Artikkel 6 viser at dette ikkje bare er reglane i EØS-avtalen, men desse reglane tolka ut frå ein spesiell synsstad. La oss sjå på det.
Artikkel 6 lyder slik. «Ved gjennomføringa og praktiseringa av føresegnene i denne avtalen, og med atterhald om den framtidige utviklinga av rettspraksis, skal føresegnene, så langt dei i sitt materielle innhald er identiske med dei tilsvarande reglane i Traktakten om skiping av Det europeiske økonomiske fellesskapet og Traktaten om skiping av Det europeiske kol- og stålfellesskapet og med avgjerder som er tekne med heimel i dei to traktatane, tolkast i samsvar med dei relevante rettsavgjerdene som domstolen for Dei europeiske fellesskapa har gjort før underskrivinga av denne avtalen.»
Her blir det virkelige rettsgrunnlaget for EØS-avtalen fastlagt. Det er Romatraktaten og Kol- og stålfellesskaps-traktaten. Og det er alle dei vedtaka som EF (no EU) har gjort for å sette desse traktatane ut i livet. Og det er alt dette slik som EF(EU)-domstolen har tolka det til no.
Bare der EFTA-landa eksplisitt kan prove at desse traktatane sitt «materielle innhald» ikkje «er identiske med» EØS-avtalen, kan det bli snakk om noe anna rettsgrunnlag.
Dette tyder at det som avtalen kallar eit einsarta europeisk økonomisk samarbeidsområde (EØS) i alle vesentlige trekk er identisk med det som før vart kalla EEC, og som folket sa nei til ved folkerøystinga 25.september 1972, pluss alle dei avgjerdene som er gjort etter 1972.
Dessutan er det eit atterhald som viser at den vidare utviklinga av denne reine EF(EU)-rettspraksisen i framtida også skal gjelde i heile EØS-området. Vi må altså, viss Stortinget vedtar EØS-avtalen, tilpasse oss til dei nye reglane som kjem ut av den EF(EU)-unionsprosessen som for alvor blei sett igang ved Maastricht-møtet, dersom EF(EU)-domstolen kan tolke desse reglane til å gjelde innanfor EØS-avtalen sitt område.
I artikkel 7 heiter det at «Avgjerder som er omhandla i eller tekne inn i vedlegg til denne avtalen eller i vedtak frå EØS-komiteen, skal vere bindande for avtalepartane og skal vere eller gjerast til del av deira interne rettsorden på denne måten: a) ei avgjerd som svarar til ei EØF (dvs. EF)-forordning, skal vere eller gjerast til del av den interne rettsordenen for avtalepartane, b) ei avgjerd som svarar til eit EØF-direktiv, skal overlate til styresmaktene hos avtalepartane å avgjere forma og midla for gjennomføringa.»
Her står det i klartekst kordan EFTA-landa skal underordne seg under EF(EU).
Desse artiklane viser derfor at vedtak av EØS-avtalen er eit alvorligare inngrep i den nasjonale sjølråderetten enn eit medlemsskap i EEC ville ha vore det i 1972.
I artikkel 102 blir det slått fast kordan EØS skal tilpasse seg til nye regelverk som EF(EU) lagar. Vi må sjå på dette også.
I artikkel 102, punkt 1 heiter det. «For å sikre rettstryggleiken og einskapen innanfor EØS skal EØS-komiteen ta avgjerd om endring i eit vedlegg til denne avtalen snarast råd etter at Fellesskapet har vedteke eit tilsvarande nytt regelverk, med sikte på å kunne setje i verk det nye fellesskapsregelverket og endringane i vedlegga i denne avtalen samstundes. For dette formålet skal Fellesskapet snarast råd underrette dei andre avtalepartane gjennom EØS-komiteen når det gjer vedtak om regelverk på eit saksområde som høyrer inn under denne avtalen.»
Her må eg gi eit par ekstra opplysningar før eg kommenterer denne paragrafen nærare.
EØS-komiteen er ein komite med representantar både frå EF(EU)-kommisjonen og EFTA-landa. I komiteen skal EF(EU)-landa tale med ei stemme og EFTA-landa med ei stemme. Han kan bare gjøre vedtak dersom det er semje i heile komiteen. (Artikkel 93).
Dette fører inn enno eit nytt problem. Dersom EFTA-landa er usamde blir deira stemme lamma, eller så må ho haldast intakt gjennom fleirtalsvedtak mellom desse landa eller gjennom andre prosedyrar.
I prosessen med å lage nye reglar skal EF(EU)-kommisjonen uformelt hente inn synspunkt frå sakkundige i EFTA-statane (Artikkel 99) og ha meiningsutveksling med EØS-komiteen (Artikkel 100). Men kommisjonen har den fulle makta til å utvikle nye regelverk som dei vil ut frå kva dei meiner tener EF som heilskap.
Substansen i artikkel 102 er at bare EF(EU) sine organ har maktmiddel innan avtalen til å endre avtalen. Og at det er frå EF-kommisjonen endringar skal springe ut. Artiklane 99 og 100 understrekar dette.
Når nye regelverk er vedtatt i EF(EU), må bare EØS-komiteen vere så god å endre vedlegga i EØS-avtalen så dei harmoniserer med dei nye EF-reglane. Dette følger logisk av at EØS-retten er bestemd av EF(EU)-retten etter artikkel 6.
Viss EØS-komiten ikkje klarar å få til dei endringane som må til innan ein 6 månaders frist, blir dei reglane i vedlegga til EØS-avtalen som ikkje lenger harmoniserer med dei nye EF(EU)-reglane, midlertidig oppheva, dvs. oppheva på ubestemd tid. Dei nye EF(EU)-reglane skal altså gjelde dersom partane i det heile skal kunne halde oppe EØS-avtalen.
Bare viss heile EØS-komiteen (medrekna EF(EU)-kommisjonen sine representantar) er samd kan dei bestemme noe anna. Det speler ingen rolle om dette strider mot forfatninga i enkelte EFTA-land. (Artikkel 103).
Om det blir tvist om ei sak som gjeld fortolkinga eller praktiseringa av EØS-avtalen skal han bli løyst etter artikkel 111. La oss sjå litt på denne artikkelen og.
I artikkel 111 heiter det at «avtalepartane i tvisten (kan) bli samde om å be domstolen for Dei europeiske fellesskapa (altså EF(EU)-domstolen) om ei avgjerd i spørsmålet om fortolkinga av dei relevante reglane». Dersom det ikkje blir semje mellom avtalepartane og dersom det ikkje blir semje om å be EF(EU)-domstolen om ei avgjerd, er det den reine makta som rår. Då «kan ein avtalepart for å rette opp eventuell manglande likevekt» – «setje i verk vernetiltak» eller følge framgangsmåten i artikkel 102 som vi no kjenner.
Viss tvisten bare gjeld omfanget eller tidslengda av vernetiltak og samhøvet mellom tiltak for å rett opp likevekta, kan kvar avtalepart la tvisten gå til skilsdom. Men fortolkinga av føresegner i EØS-avtalen kan ikkje trekkast inn i skilsdommen. EF(EU)-domstolen har monopol her.
Det var også EF(EU)-domstolen sitt siste krav for å godkjenne EØS-avtalen at dei protokollane for forhandlingane som seier at partane erkjenner EF(EU)-domstolen som høgste domstol i EØS skulle reknast til sjølve EØS-avtalen.
Konklusjonen på dette kan ikkje bli noe anna enn at EF(EU)-retten er bestemmande for EØS-retten og i tillegg at all makta i EØS ligg i EF(EU) sine organ.
I den grad EØS-organa har makt, er det bare for å sette ut i livet EF(EU) sin politikk i EFTA-landa. Med ein gong dei forsøker noe anna, vik dei av frå rettsgrunnlaget i sjølve EØS-avtalen, fordi det er EF sitt eige rettsgrunnlag slik det har utvikla seg og slik det utviklar seg til ei kvar tid.
EØS-rådet og EØS-komiteen er basta og bunden på alle lemmer om dei forsøker seg på noe anna.
Dei enkelte EFTA-landa, EFTA sitt overvakingsorgan og EFTA-domstolen har ingen formell kompetanse til å sørge for anna enn at EFTA-landa og institusjonar, foretak og privatpersonar der, rettar seg etter EF(EU)-retten. (Artikkel 108 og 109).
Ein EØS-avtale kunne sjølvsagt heller ikkje bli laga på noe anna grunnlag enn dette. EF står midt oppe i svære tak for å kjempe gjennom unionen. Det ville ha vore heilt på tvers av denne politikken å tillate statar som vil knytte seg til EF, å ha noen som helst plattform for å reise saker som kan vanskeliggjøre framdrifta i strevet etter union.
Samstundes er dette eit problem i Norge. Viss det står heilt klart at EØS i kjerna ikkje tyder noe anna enn underlegging under EF(EU)-retten og EF(EU) sin institusjonar, så kan EØS-avtale umulig å vedta og halde oppe.
Den norske regjeringa treng å mane fram EØS-institusjonar og EFTA-institusjonar med eit skin av sjølstende, slik at dei har eit slags grunnlag for å innbille folk at keisaren har fått nye klede. Så kan også mange ihuga eurokratar få seg feite jobbar. Nett derfor må vi rope høgt at dette er eit bedrag, at keisaren er naken, at det er EF(EU) som sitt med heile makta i EØS.
EØS-avtalen og Grunnlova
Det eg har illustrert no viser at dei mest sentrale paragrafane i den norske grunnlova som skal sikre sjølstendet, folkestyret og rettstryggleiken innan dei områda som EØS-avtalen gjeld blir oppheva dersom Stortinget vedtar EØS-avtalen. La oss sitere desse grunnlovsparagrafane også, og sjå nærare på saka.
Paragraf 49: «Folket udøver den lovgivende Magt ved Storthinget, der består av to avdelinger, et Lagthing og et Odelsthing.»
Dette kan ikkje folket lenger når forslags-, vedtaks- og domsrett på dei sentrale delane av det økonomiske området blir flytta til Brussel.
Det tyder at ein av dei viktigaste demokratiske rettane i det borgarlige demokratiet forsvinn, nemlig folket sin borgarrett til å virke inn på styringa av landet gjennom si eiga (valde) folkeforsamling.
Så paragraf 88. «Høiesterett dømmer i siste instans. Dog kunne Indskrænkninger i Adgangen til at erholde Høiesteretts Afgjørelse bestemmes ved Lov.»
Og paragraf 90. «Høiesteretts Domme kunne i intet Tilfælde paaankes.»
Desse paragrafane blir sett ut av spel innafor området av EØS-avtalen. EF(EU)-domstolen blir høgaste appellinstans i viktige delar av norsk rett fordi norsk rett her reelt sett blir erstatta med EF-retten. I den grad det er strid mellom norsk rett og EF(EU)-retten skal EF(EU)-retten ha forrang.
At norsk rett fremleis kan ha formell forrang føre EF(EU)-retten endrar ikkje på realitetane i saka. Det er i det heile ein veikskap ved jussen at han ofte trur at det formelle er viktigare enne det reelle.
Dermed er noen av dei sentrale demokratiske trekka i grunnlova, ånda i grunnlova og paragraf 1 sett ut av spel.
Paragraf 1 lyder som kjent slik. «Kongeriget Norge er et frit, selvstendigt, udeleligt og uafhændeligt Rige. Dets Regjeringsform er indskrænket og arvelig monarkisk.»
Med desse angrepa på Grunnlova er også kjerna i parlamentarismen sett ut av spel gjennom vedtak av EØS-avtalen. Kva nyttar det at eit fleirtal i Stortinget skal danne regjering når makta over dei sentrale delane av den norske økonomien sitt i Brussel!
Politikarane har brukt paragraf 93 for å kunne vedta EØS-avtalen.
Paragrafen 93 lyder slik.
«For å sikre den internationale Fred og Sikkerhed eller fremme international Retsorden og Samarbeide kan Storthinget med tre Fjerdedeles Flertal samtykke i, at en international Sammenslutning som Norge er tilsluttet eller slutter sig til, paa et saglig begrænset Omraade, skal kunne udøve Beføielser der efter denne Grundlov ellers tilligge Statens Myndigheder, dog ikke Beføielse til at forandre denne Grundlov. Når Storthinget skal give sit Samtykke, bør, som ved Behandling av Grundlovsforslag, minst to Trediedele af dets Medlemmer være tilstede.»
Tidligare kunne ein kanskje argumentere med at EEC var ei internasjonal samanslutning på eit saklig avgrensa område. Med det omfanget EØS-avtalen har idag, vil dette ikkje lengre vere tilfelle. Avtalen er for omfattande til det. Viss vi reknar med den utviklinga som EØS-avtalen opnar for i retning full medlemskap i EF(EU), vil det enno mindre vere tilfelle.
Dei vurderingane som blei gjort rundt dette spørsmålet før 1972 er derfor avlegse no.
Paragraf 93 i grunnlova gir ikkje Stortinget lovgrunnlag for å vedta EØS-avtalen. Derfor er stortingsvedtak av EØS-avtalen ut frå denne paragrafen ikkje eit lovlig fatta vedtak. Ja-folka på Stortinget har sett seg ut over Grunnlova i den politiske iveren sin etter å ete kirsebær med dei store på kontinentet.
Vi må gå til paragraf 112 for å sjå om Stortinget i det heile kunne vedta EØS-avtalen og kordan dei eventuelt kunne gjøre det.
Her er paragraf 112. «Viser erfaring, at nogen Del av denne Kongeriget Norges Grundlov bør forandres, skal Forslaget derom fremsettes paa første, andet eller tredie ordentlige Storthing efter et nyt Valg og kundgjøres ved Trykken. Men det tilkommer først det første, andet eller tredie ordentlige Storthing efter næste Valg at bestemme, om den foreslaaede Forandring bør finde Sted eller ei. Dog maa saadan Forandring aldrig motsige denne Grundlovs Principer, men alene angaa Modifikationer i de enkelte Bestemmelser, der ikke forandre denne Konstitutions Aand, og bør to Trediedele av Storthinget være enige i saadan Forandring. En saaledes vedtagen Grunnlovsbestemmelse underskrives af Storthingets Præsident og Sekretær og sendes Kongen til Kundgjørelse ved Trykken som gjældende Bestemmelse i Kongeriget Norges Grundlov.»
Kva er så ånda i grunnlova? Ho gir seg ut frå paragraf 1. (Sjå ovanfor.) Det heilt sentrale momentet i denne ånda er et Norge skal vere ein sjølvstendig najonalstat, altså at Norge ikkje skal underleggast utanlandsk makt. Ut frå dette gir det seg at folket gjennom stemmeretten sin skal velje ei folkeforsamling med lovgivande og løyvande makt på dei sentrale områda for å oppretthalde ein slik sjølvstendig stat. Og det gir seg at Norge skal ha ei eiga suveren domsmakt.
Medlemsskap i EØS bryt med desse momenta i grunnlova si ånd. Dermed er det eigentlig nedfelt i grunnlova at det i alle tilfelle er illegalt for Stortinget å vedta EØS-avtalen.
Eit statskupp av særs alvorlig karakter
Om ein vil forsøke å endre grunnlova og ta vekk paragrafane 1, 49, 88, og 89 innanfor EØS-avtalen sitt område, slik EØS-avtalen reelt sett krevjer, så må ein i alle høve gå fram slik paragraf 112 seier, med stortingsval mellom framlagt forslag og vedtak.
Det er ikkje tilfeldig at diskusjon om Grunnlova i høve til den nye utviklinga i EF(EU) har stått sentralt både i til dømes Frankrike og Danmark.
For land som inngår avtalar som ikkje bare overgir sjølvråderett, men også gjør det umulig å få både reell og formell innflyting i dei forsamlingane som ein reelt sett overgir sjølvråderett til, må grunnlovsproblema bare vere større. Dette gjeld EØS-avtalen.
Det er svært farlig å overlate diskusjonar om og tolkingar av grunnlova til spesialistar og juristar åleine. Særlig er det farlig å overlate det til Høgsterett fordi denne retten i Norge er ein politisk rett. Ein av dei mest respekterte og uavhengige historikarane i Norge i vår tid, Jens Aarup Seip, slo i Historisk Tidsskrift nr. 2, 1964 fast at den norske Høgsteretten alltid har «anstrengt seg for å dreie loven dit det politiske kompass pekte hen» (s.123). Slik er det også idag.
Dei momenta i Grunnlova som eg har nevnt her er noko av det som gjør denne lova til heile det norske folket si grunnlov. Det er ånda i folkefesten den 17.mai. Derfor har alle har rett til å delta i debatten om tolkinga av denne lova.
Det er også ein annan grunn til å kalle vedtak av EØS-avtalen for eit stille statskupp. Ein EØS-avtale veltar nemlig heile den store sosiale kontrakten som blei bygd opp på konsesjonslovene og på Fellesprogrammet av 1945 og som skulle sikre nasjonal kontroll med ressursane i landet og det arbeidande folket sin velferd. Kapitalen sine fire fridomar erstattar dei nasjonale, regionale og sosiale prinsippa som den norske velferdsstaten byggar på. Gjennom EØS-avtalen blir folket nådelaust utlevert til kapitalen sitt frie spel i heile det området avtalen gjeld. Det tyder nett underlegging under dei største kapitalane og dei største statane.
Den tredje grunnen er at det sittande norske stortinget ikkje hadde legitimitet til å vedta denne EØS-avtalen fordi Stortinget var vald på grunnlag av at dette spørsmålet ikkje skulle drøftast i valkampen. Dermed hadde ikkje dei partia som dominerte Stortinget, gitt folket muligheit til å velje eit storting som avspegla folkemeininga i saka. Derfor førte dette stortinget folket bak lyset då dei vedtok EØS-avtalen.
Ein fjerde grunn er at korkje Stortinget eller folket fekk høve til å setje seg skikkelig inn i dei konsekvensane avtalen ville få på dei ulike områda av samfunnslivet.
Til svar på spørsmåla mine først i denne artikkelen, vil eg først seie at Stortinget ikkje har legitimitet til å vedta EØS-avtalen. Dernest vil eg seie at den avhendinga av suverenitet som vi vil gå med på ved å vedta EØS-avtalen, er av ein slik art at ho opnar for ei full tilpasning til EF. Dermed opnar ho for at ei regjering som vil arbeide for fullt EF-medlemsskap, får det armslaget ho treng for å klare det, sjølv om folket i Norge i første omgang har sagt nei til eit fullt medlemsskap gjennom ei folkeavstemming. Dette vil etter kvart oppløyse den norske nasjonalstaten og velferdsstaten.
Det einaste fredelige middelet som kan hindre dette er at ei regjering som er mot EØS-avtalen, brukar den retten artikkel 127 i avtalen gir land til å trekke seg frå avtalen med tolv månaders varsel. For å få til dette må folk i Norge tvinge fram ei folkeavstemming om oppseiing av EØS-avtalen.
Viss dette ikkje skjer kan vi likne vedtaket av EØS-avtalen med å passere det punktet i elva ovafor fossen som i praksis gjør det umulig å stanse flåten før han går utfor.
Den kampen mot EØS-avtalen og EF(EU) som vi har sett og ser no, er dei første forsiktige framstøta i det norske folket sin nye store anti-imperialistiske, nasjonale strid for sjølråderett og velferd.
Folk i Norge vil i tida framover bli tvinga til å reise seg for å forsvare særlig dei demokratiske og sosiale momenta i grunnlova, konsesjonslovene og den norske sosiale kontrakten som eg har tatt opp til drøfting her! Bare på dette grunnlaget vil folk i Norge ha fridom til å vise internasjonal solidaritet!
Vi vil kople saman dei folkelige og demokratiske momenta i heile tradisjonen frå 17. mai over 7.juni og 8.mai med sigeren i folkeavstemninga 25.september 1972!
Igjen vil vi gjøre Bjørnson sine ord frå 23.april 1892 til våre: «Den pakt, vi nu forpestes i, den hater og forbanner vi».
Og makta vil få sanne at «Den som sår vind, skal hauste storm».
Idag kan vi bare fremme nasjonal sjølråderett, sosial velferd, internasjonal solidaritet og demokrati gjennom kamp mot kapitalen sine fire friheiter og mot EU-imperialismen og dei andre imperialistblokkene. I neste omgang treng vi samarbeid mellom frie nasjonar.
Terje Valen, medlem av styret i Nei til EF i Hordaland, og medlem i Sentralstyret i AKP. (Artikkelen blei opprinnelig skriven før EØS-avtalen blei vedtatt, men er lett endra for å gjøre han lettare å lese som eit innlegg nett no, 13.02.96.)
[email_link]